Gå til hovedinnhold
Samansett foto av fire bilete: Ei metallklo som løftar noko som kan sjå ut som ein liten kveil med tynt tau, ein fisk på sandbotn, ei skål med noko som ser ut som edderkoppar med ekstra lange bein og steinar der det sit eit dyr som det veks lange fjærliknande armar ut frå.

Både godt kjente og mindre kjente artar dukka opp på toktet. Øverst til venstre ser du at gripekloa på undervassroboten har plukka opp ein svamp, under er det havedderkoppar som er sortert ut frå prøvar som er henta opp i fartøyet. Øverst til høgre ser du sjøliljer og under ei arktisk ålebrosme.

Foto: Heidi Gabrielsen / Mareano / Havforskingsinstituttet (uv-foto er filma med Ægir 6000 / Normar)

Sjeldan innsyn i lite kjent dyreliv

Forskarane vart fasinerte av det store biologiske mangfaldet dei såg på Den atlantiske midthavsryggen.

I fjor haust undersøkte forskarar frå Mareano havbotnen langs eit utvald område av Den midtatlantiske ryggen – den ligg omtrent så langt mot vest i Norskehavet som du kan komme.

– Vi observerte eit rikt dyreliv og spesielle geologiske strukturar, fortel forskar og toktleiar Heidi Kristina Meyer frå Havforskingsinstituttet.

Hen fortel om eit område med store kontrastar.

– Området vi undersøkte  er frå under 500 til over 3500 meter djupt, og det er store variasjonar i havstraumar og temperaturforhald.

Kart
Forskarane undersøkte utvalde område inne i den raude ramma. Området vert kalla Mohnsryggen og ligg langs Den midatlantiske ryggen.

Spennande landskap

Landskapet er minst like variert som det vi kan finne på land.

– Her er det bratte sjøfjell, store djuphavsbasseng og både aktive og inaktive varme utstrømmingsområder med “skorsteinar” som stikk opp frå botnen, fortel forskar Valérie Bellec frå Noregs geologiske undersøking, som var sjefsgeolog på toktet.

Noe som kan minne om en lang skorstein som smalner mot toppen stikker opp fra havbunnen som består av samme materiale.
Slik kan ein "skorstein" sjå ut.
Foto: Mareano / Havforskningsinstituttet (filma med rov Ægir6000 / Normar)

Ho fortel vidare at medan bassenga er kjenneteikna av blaut, mudderrik botn, har sjøfjella både hard steinbotn og lausmassar med varierande kornstorleik.

Observerte nesten ukjende dyr

Landskapet er med på å skape leveområde, eller habitat, for mange ulike og til dels lite kjende dyr.

– Spesielt det biologiske mangfaldet i området er lite kartlagt frå før. Det var veldig spesielt å sjå kor raskt naturtypane skifta over korte avstandar, seier Meyer.

Spesielt overraska vart forskarane av å oppdage at bambuskorallar dannar revliknande strukturar.

Sjå korleis bambuskorall ser ut - opptaket er gjort med undervassroboten Ægir 6000:

– Det har aldri blitt observert før, så det var ganske spesielt å sitte oppe i videorommet på “Kronprins Håkon” og sjå på at det dukka opp ein heilt ny type korallrev framføre augene på oss.

Forskarane som var med på toktet vart også overraska over kor artsrike nokre av habitata var.

– I nokre av dei djupe bassenga har vi dokumentert sletter av blautbotn. Her fann vi mellom anna tette førekomstar av sjølilje og røyrbyggande børstemark, anemonar, svamp og enkelte områder med veldig mange sjøpølser, seier Meyer.

Foto av noe som har øreform og vokser opp fra havbunnen. På kanten sitter det flere små dyr med lange fjærliknende armer som stikker ut til alle kanter.
Ein svamp med sjøliljer rundt.
Foto: Mareano / Havforskningsinstituttet (filma med rov Ægir6000 / Normar)

Fann “puter” på havbotnen

Andre stader i djupvassbassenga, dukka det opp store førekomstar med putelava.

Putelava er steinformasjonar som blir danna ved vulkanutbrot under vatn eller isbrear. Slike formasjonar er vanlege på midthavsryggar. Dei oppstår når tyntflytande lava straumar ut i vatn.

En slags slange av stein som ser ut som den er presset ut av en tube.
Det kan minne om tannkrem pressa ut av ei tube, men er lava som har strøyma opp frå havbotnen. Lavaen størknar i det den får kontakt med det kalde vatnet. Etter at lavaen har størkna, vert det omtala som putelava.
Foto: Mareano / Havforskningsinstituttet (filma med rov Ægir6000 / Normar)

Når den varme lavaen kjem i kontakt med det kalde vatnet, blir det fort danna ei tynn glasaktig skorpe på den. Lavaen størknar i ulike former som kan minne om puter eller t.d. tannkrem skvisa ut av ei tube.

– Når trykket inne i lavaputene blir for stort, blir skorpa sprengt og meir lava straumar opp innanfrå, dermed oppstår det stadig nye puter, fortel Bellec .

Vêrhardt og lite tilgjengeleg område kravde nytenking

– Dette området ligg vanskeleg til med tanke på å undersøke biologien. Ei utfordring er det store djupet, så kjem det veldig varierande landskapet, og i tillegg kan vêrforholda på overflata gjere området utilgjengeleg for utstyret vårt, fortel Meyer.

Foto som viser høye bølger med mye hvitt skum.
Veiret på Den midtatlantiske rygg kan vere utfordranda. Blir bølgende store nok, kan ikkje forskarane senke utstyret som dei brukar til kartlegginga ned i sjøen.
Foto: Heidi Gabrielsen, Havforskingsinstituttet

Derfor blei dette toktet også førebudd over lengre tid enn tidlegare tokt i andre område.

– Vi gjekk mellom anna gjennom alt utstyret vi brukar for å ta prøver på botnen. Noko kunne vi bruke “som vanleg”, anna utstyr måtte vi endre på.

Til dømes bytta forskarane ut den tradisjonelle Mareano-videoriggen Chiamera med ein undervassrobot: Ægir 6000.

– Den lar oss ta prøver direkte frå havbotnen. Slike prøvar er svært nyttige når vi skal kartlegge biologi, geologi og kjemi i djuphavet, seier hen.

Fire veke til havs

Etter omtrent fire  veke, kom forskarane tilbake til landjorda med 140  timar video frå havbotnen. I tillegg hadde dei med seg ei mengde bøtter og mindre behaldarar med prøvar av ulike artar som skal identifiserast, i tillegg til sedimentprøver som skal analyserast for både samansetning og forureining inkludert mikroplast.

3 bilder som viser ulike situasjoner om bord på forskingsfartøyet.
Sjølv om avansert utstyr bidreg til å kartlegge havbotnen, skjer det også mykje arbeid om bord. Får venstre ser du: Prøvar av ulike dyr vert sortert for nærare undersøking på land, toktleiar Heidi Meyer går gjennom arbeidet på ein komande stasjon og undervassroboten Ægir 6000.
Foto: Heidi Gabrielsen, Havforskingsinstituttet

– Totalt fekk vi gjennomført heile  41 stasjonar med den tilpassa metodikken vår, seier Meyer

Ei av utfordringane som oppstår på så store djup som i dette området, er tida det tar å senke og heve utstyret.

– For å utnytte tida best mogeleg, forlenga vi kvar videostasjon i forhald til kva som er vanleg lengd på Mareano-tokt. På den måten sikra vi oss mest mogeleg informasjon på kvar stasjon, seier hen.

Samansett av 2 foto. Det første viser ein snigel på sandbotn. Kroppen er dekt av korte tentaklar, i panna har den to følehorn på same storleik. Fargen er sterk oransje. På bilde to er den same snigelen i ein boks.
Dette er ein nakensnigel, men akkurat kva art er foreløpig ukjent. Snigelen blei tatt med opp frå havbotnen slik at den kan identifiserast. Dermed får vi betre kunnskap om kva artar som held til på Den midtatlantiske ryggen. 
Foto: Mareano / Havforskningsinstituttet (filma med rov Ægir6000 / Normar og Heidi Gabrielsen

Skal snart tilbake til Den midtatlantiske ryggen

Framover skal alle videoane og prøvene analyserast før dei etter kvart dukkar opp som ferdig behandla data. Desse skal settast inn i ein større samanheng, til dømes som kart over naturtypar.

Men forskarane er ikkje ferdige med datainnsamlinga i dette området.

– Allereie i april skal vi tilbake til dette området, avsluttar Heidi Kristina Meyer.

Sjå toktrapporten for detaljar om toktet

Etter toktet er det skrive ein detaljert toktrapport. Klikk deg inn på den om du vil ha detaljar om funna eller kva som blei gjort.

Kontakt

Bilde av Heidi Kristina Meyer

Heidi Kristina Meyer

Havforskningsinstituttet
Forsker
Bilde av Beate Hoddevik

Beate Hoddevik

Havforskningsinstituttet
Kommunikasjonsrådgiver
908 21 630