Gå til hovedinnhold

Kjemidata: NGU og HI

multicore

Ein multicorar med prøvemateriale av sediment frå havbotnen.

Mareano har samla inn sedimentprøver sidan 2006 som ein del av kartlegginga av sedimentsamansettinga og miljøtilstanden av norsk havbotn (Mareano sitt kjemiprogram). Desse prøvene blir systematisk analyserte for ein rekke parameter, inkl. fysiske eigenskapar samt uorganiske og organiske komponentar, i eit samarbeid mellom Norges geologiske undersøkelse (NGU) og Havforskingsinstituttet (HI). Resultata frå desse analysane blir samanstilte i årlege rapportar frå NGU (fysiske eigenskapar og uorganiske komponentar) og frå HI (organiske forbindelsar).

Mareano sitt kjemiprogram har i tillegg analysert tilsvarande sedimentprøver samla inn av HI i 2003–2004, før Mareano-kartlegginga formelt starta i 2005.

Meir om tungmetall og andre uorganiske miljøelement i marine sediment finn du her:

Datasettet viser innhaldet av tungmetall og andre uorganiske miljøelement (inkludert svovel, barium og arsen), samt mengda mikroplastpartiklar i marine sediment. I tillegg gir datasettet informasjon om samansetjinga av kornstorleiken, innhald av organisk karbon og karbonat.  

Du finn meir om organiske forbindelsar i marine sediment her:

Datasettet viser innhaldet av hydrokarbon og andre organiske forbindelsar, som persistente organiske miljøgifter (inkludert nye miljøgifter) i marine sediment.

Sedimentprøver for geokjemiske analysar på NGU og HI er primært henta frå område med finkorna sediment både i opne marine avsettingsmiljø og kystnære havområde. Prøvetettleiken varierer avhengig av lokalisering. Det er større prøvetettleik i fjordar og kystnære område, mens det i opne havområde er lågare prøvetettleik.

Kontaktpersoner

Stepan Boitsov
(organiske forbindelser)
922 44 996

Henning Jensen
(fysiske egenskaper og uorganiske komponenter)
73 90 43 05