Slik kan det sjå ut når havforskarane får ei sedimentprøve frå boxcore tilbake på dekk. På biletet til høgre ser ein mikroskopbilete av prøver som skal studerast nærare, her er det meste av sedimenta fjerna, men det er igjen sandkorn på omtrent same storleik som dyra. Det øverste biletet viser instrumentet som hentar opp sedimenta, ein boxcore, som står på havbotnen.
Bli med til 3000 meters djup
– Djuphavet er framleis eit av dei minst utforska områda på planeta vår. Samstundes forventar vi at det inneheld ei mengde dyr som vi ikkje kjenner til frå før.
Det seier forskar Èric Jordà Molina (Havforskingsinstituttet). Han er ein av forskarane som kartlegg den norske havbotnen i detalj gjennom Mareano-programmet.
– Djuphav er definert som djupare enn 200 meter, men nesten halvparten av havbotnen er djupare enn 3000 meter. Faktisk er snittdjupet heile 3682 meter, seier han.
I dei norske havområda finn ein slike store djup i Norskehavet. I desse veldig djupe områda som ligg heilt vest i Norskehavet, har det blitt gjennomført to Mareano-tokt.
Ein kø av ekstreme utfordringar
På så store djup står utfordringane for dyrelivet i kø: ekstremt trykk, totalt mørke, lave temperaturar og svært avgrensa tilgang på mat.
Maten som mange av organismane i havet et, kjem frå den biologiske produksjonen i overflatelaget. Her veks planteplanktonet, det er mat for dyreplankton som igjen er mat for større dyr.
Restar frå dette festbordet i overflata, søkk ned mot botnen – men mengdene blir mindre omtrent for kvar meter.
– Berre omtrent ein prosent av det organiske materialet som blir produsert i overflatevatnet når ned til botnen i djuphava.
For å undersøke kva dyr som held til nede i havbotnen, må forskarane hente ein bit av den opp på dekket på forskingsfartøyet. Til det brukar dei eit instrument som heiter boxcore. Det har ein slags boks som synk ned i havbotn når den består av mjuke sediment slik som finkorna sand. På biletet har instrumentet akkurat landa på botnen og du kan sjå at boksen er i kontakt med botnen. Biletet er tatt med rov Ægir 6000 som er ein undervassrobot frå NORMAR/UiB, og som blei brukt under kartlegginga i dette området.
Foto: Mareano / Havforskingsinstituttet
Ekstreme forhald – ekstreme tilpassingar
– Til trass for dei tilsynelatande ubuelege forhalda, har djuphavsorganismane utvikla særeigne tilpassingar som gjer at dei trivast i dette mystiske og krevjande miljøet, fortel Jordà Molina.
Mange av dyra har ein relativt enkel overlevingsstrategi: dei held seg små.
– Små dyr treng mindre energi, og dermed mindre mat, enn det større dyr gjer. Det gir mindre dyr ein stor fordel når miljøet dei lev i er så ressursfattig som det vi finn på dei store havdjupa.
Sjå opp for djuphavgigantane
Men sjølvsagt finst det unntak; nokre av artane som held til fleire 1000 meter under overflata er større enn slektningane som held til på grunt vatn.
– Dette er eit gåtefullt fenomen som vi kallar djuphavgigantisme. Eksempel på slike dyr er nokre artar av isopder og sjøedderkoppar, men vi har ikkje fått slike artar i prøvene våre til no.
Imponerande mengde dyr
Sjølv om det er ein og annan gigant på havbotnen, er forskaren mest opptatt av dei aller minste artane ein finn her.
– Ved første blikk kan dei store slettene i djuphavet sjå aude ut, berre eit og anna dyr er stort nok til å vise igjen på video-opptaka våre. Men ikkje la deg lure: nede i sedimenta skjuler det seg eit eige økosystem, seier han. Om ein ser på alle hava i verda, så finn ein omtrent halvparten av den totale biomassa av dyr som lever på havbotnen, på djup større enn 3000 meter, ifølgje Jordà Molina.
Slik kan dyra som forskarane finn i sedimenta sjå ut når dei blir studert i mikroskop.
Foto: Ivan Cautain (HI) og Emilzen Guinovart Galofré (HI)
Desse dyra lever i stor grad på dei store djuphavsslettene, på fagspråket kjent som abyssale sletter.
– Desse slettene er enorme, gjørmete områder som dekker omtrent 75 prosent av havbotnen. Her dominerer dei bitte små organismane, seier Jordà Molina.
Her finn forskarane virvellause dyr på mellom 5 mm og 300 mikrometer. Desse vert kalla makrofauna, og er til dømes små krepsdyr, ormar og skjel.
– Det er ikkje veldig mange dyr per kvadratmeter, men mange nok til at dei har ei viktig rolle i økosystemet i havet.
Deretter kjem meiofauna. Desse er endå mindre, heilt ned til 32 mikrometer. Også store mengder bakteriar trivast på djuphavslettene.
Eksempel på korleis havbotnen kan sjå ut. På overflata kan den sjå ganske aude ut, men nede i botnen skjuler det seg eit eige økosystem.
Foto: Mareano / Havforskingsinstituttet (filma med rov Ægir 6000/ NORMAR)
Næringsstoff frå djuphavet blir sendt tilbake til overflata
Også bakteriane har ei viktig rolle i økosystemet. Her nede i djuphavet – gjerne fleire kilometer under overflata – jobbar dei som havet sitt resirkuleringsbyrå og bryt ned det organiske materialet som kjem frå overflata.
– Bakteriane spelar ei nøkkelrolle som næring for dei aller minste organismane og blir dermed grunnlaget i næringsnettet, seier Jordà Molina.
Bakteriane og dei små organismane nede i havbotnen, utnyttar dermed restane frå overflata ved å bryte ned dei små mengdene med organisk materiale som kjem frå overflata.
Denne aktiviteten fører til at ulike næringsstoff over tid blir akkumulert opp i djuphavet – før dei blir sendt tilbake til overflata.
Her har forskarane akkurat fått sedimentprøva opp på dekket. Dei har allereie tappa av sjøvatnet som ligg på toppen når prøva kjem ombord, no tar dei utvalde prøvar av sedimenta. Akkurat desse prøvene skal dei bl.a. bruke for å undersøke miljø-DNA.
Foto: Rosalyn Fredicksen (Sokkeldirektoratet)
Havsirkulasjonen fraktar næringa tilbake til overflata
– Næringsstoffa vert frakta opp igjen til overflata ved hjelp av havsirkulasjonen. Her dannar dei grunnlaget for nye oppblomstringar av algar som igjen vert mat for større artar.
Dermed bidreg organismane nede i mudderet på havbotnen til å oppretthalde primærproduksjonen i overflata.
I tillegg er djuphavsorganismane mat og næring for andre dyr i djupet.
– Dei minste organismane er næring for dei litt større, og til slutt for fisk og til dømes den sjarmerande Dumbo-blekkspruten som av og til dukkar opp på videokameraet vårt.