
Påtroppande og avtroppande leiar av Programgruppa: Siri Sorteberg (t.v.) og Signe Nåmdal (t.h.).
Foto: Beate Hoddevik / HavforskingsinstituttetPåtroppande og avtroppande leiar av Programgruppa: Siri Sorteberg (t.v.) og Signe Nåmdal (t.h.).
Foto: Beate Hoddevik / HavforskingsinstituttetPublisert: 24.09.2025 Oppdatert: 25.09.2025
– Resultata frå Mareano er viktige og aktuelle både i samband med utvikling av nye havnæringar og for at vi skal ta vare på naturen. Det blir spanande å få vere med å utvikle denne kartlegginga vidare, seier Siri Sorteberg.
Ho er fagdirektør i Miljødirektoratet, og overtar stafettpinnen frå Signe Nåmdal (Miljødirektoratet) som har leia programgruppa sidan 2016.
Allereie har Sorteberg fått med seg nokre møter i programmet og sett på korleis arbeidet føregår.
– Alt som blir gjort i Mareano er basert på samarbeid på tvers av heilt ulike fagområde. Det gjer at vi får tverrfagleg kunnskap som forvaltinga og andre kan bruke som grunnlag for kunnskapsbaserte avgjerder, seier ho.
I år er det 20 år sidan kartlegginga gjennom Mareano starta.
– I denne perioden er det samla inn svært mykje kunnskap på tvers av tradisjonelle fagområde. Eit så langt, tverrfagleg samarbeid om slik kartlegging er unikt i internasjonal målestokk, og det gir oss i Norge verdifull kunnskap om havbotnen vår, seier ho.
No ser Sorteberg fram til å auke kunnskapen sin om Mareano.
– 23. oktober blir Mareano-konferansen arrangert. Den er stappfull av resultat og kunnskap frå Mareano, så den ser eg fram til å få med meg, avsluttar ho.
Det er framleis nokre ledige plassar, sjå programmet og meld deg på.