Statssekretær Even Tronstad Sagebakken frå Nærings- og Fiskeridepartementet opna Mareano sin jubileumskonferanse.
Foto: Sissel Kanstad / Kartverket
Statssekretær Even Tronstad Sagebakken frå Nærings- og Fiskeridepartementet opna Mareano sin jubileumskonferanse.
Foto: Sissel Kanstad / KartverketPublisert: 29.10.2025
– Gratulerer så mykje med jubileet. Det er 20 år sidan Mareano såg dagens lys – de har mykje å feire og mykje å være stolte av. De vise i praksis kva ein kan få til når ulike fagmiljø i verdsklasse foreinar kreftene, innleia han med då han sist veke opna Mareano sin jubileumskonferansen.
I år er det heile 20 år sidan kartlegginga av norsk havbotn starta gjennom Mareano-programmet. Det vart markert på Mareano-konferansen sist veke, der over 100 deltok fysisk og 450 følgde med via skjerm.
Deltakarane fekk mellom anna høyre om Tromsøflaket – der alt byrja, litt om korleis det enorme isdekket under istida har satt spor på havbotnen vår og om havgrisen Elpidia – og endå mykje meir både om kva data som finnast, korleis dei blir brukt og litt om Mareano både nasjonalt og internasjonalt.
Opptaket av konferansen er digitalt tilgjengeleg til 6. november: