Gå til hovedinnhold
Utsikt til flytande sjøis på Spistbergenbanken frå fartøyet H. U. Sverdrup II. Foto: FFI

Utsikt til flytande sjøis på Spistbergenbanken frå fartøyet H. U. Sverdrup II. Foto: FFI

Foto: FFI

Djupnekartlegging på Spitsbergenbanken

Område på Spitsbergenbanken, i nærleiken av Bjørnøya i Barentshavet, er djupnekartlagt av Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) med både multistråle- og sediment-ekkolodd. Dette er eit ledd i Mareanos arbeid med å kartlegge særleg verdifulle og sårbare område ved polar tidevassfront.

I tre veker i mai var FFI sitt fartøy MS «H. U. Sverdrup II» på tokt på Spitsbergenbanken. På oppdrag frå Mareano-programmet har dei kartlagt batymetri på havbotn med multistråle-ekkolodd (1215 km2). I tillegg er det samla inn liner med sediment-ekkolodd (165 km), som er eit viktig datasett for NGU for å lage geologiske kart. 

Vêrhindringar

Etter planen skulle også Hopendjupet (lenger nordaust) djupnekartleggast, men området var ikkje tilgjengeleg gunna mykje sjøis.

Første del av toktet var prega av dårleg vêr, medan det i siste del var gode vêrforhold. Det var også utfordringar med store variasjonar i sjøtemperatur nedover i djupnelaga, noko som påverka lydhastigheita i sjøen. Korrekt lydhastigheitsprofil er viktig for kvaliteten på målte djupnedata.

Kartutsnitt markeringer
SPITSBERGENBANKEN: Dei gule boksane merkar område på Spitsbergenbanken som Mareano-programmet har djupnekartlagt i 2022. Kjelde: Kartverket/Mareano

Særleg verdifulle område

Området på Spitsbergenbanken er valt for å vidareføre arbeidet med å kartlegge særleg verdifulle og sårbare område ved polar tidevassfront. Rundt Spitsbergenbanken er det tre frontar med ulikt opphav og ulik struktur som påverkar biologisk produksjon og aktivitet i områda. Spesielt tidevassfronten gjer området til ein «hotspot» for biologisk produksjon. Transekta som kartleggast, spring ut frå område som allereie er kartlagt.

grafikk, terrengmodell
HAVBOTN: Ein smakebit av batymetrien på havbotn på Spitsbergenbanken vist i ein terrengmodell. Foto: FFI/Mareano

Kontakt

Bilde av Hanne Hodnesdal

Hanne Hodnesdal

Kartverket
Dybdekartlegging, med i utøvende gruppe
51 85 88 23 / 473 17 222
Bilde av Sissel Kanstad

Sissel Kanstad

Kartverket
Kommunikasjonsrådigver
51 85 88 28 / 995 13 848
Tokt Toppfigur esker nett

Vel bevarte spor etter istiden på Spitsbergenbanken

Toktdagbok: Mareano fortsetter kartleggingen av Spitsbergenbanken og tar en nærmere kikk på noen av landformene som ble dannet da banken var dekket av en tykk isbre.

MPV Pohjanmeri i arktisk farvann. Foto: Arctia Meritaito Ltd.

Djupnekartlegging i 2021

Arctia Meritaito Oy skal djupnekartlegge tre mindre område i Barentshavet for Mareano-programmet i år. Deira fartøy MPV «Pohjanmeri» startar sitt kartleggingstokt 15. juni.

Fotomontasje av fartøy som djupnekartlegg havbotnen. Strålane frå multistråle-ekkloddet dannar ein vifteform frå båten ned til botnen. Ein terrengmodell er redigert inn på havbotnen.

Dybdekartlegging

I regi av Mareano har Kartverkets sjødivisjon ansvar for å skaffe dybdedata i de områdene som skal kartlegges av Mareano-programmet.