Gå til hovedinnhold
To menneske om bord eit fartøy gjer klar lydprofilmålar som skal settast ut i havet.

DJUPNEKARTLEGGER: Datainnsamlinga i år har vore gjennomført med multistråleekkolodd og sedimentekkolodd. Mannskap om bord på Furgo Discovery sett her ut ein lydprofilmålar. Ved djupnekartlegging er det i tillegg til ekkolodd, behov for instrument for måling av fartøyet sin posisjon, orientering (kurs, rull og stamp), vertikal rørsle og lydfart i vatnet (både ved ekkoloddsvingaren og nedover i vassdjupet). Foto: Fugro Germany Marine

Foto: Fugro Germany Marine

På botn av Spitsbergenbanken

Mareano har i 2020 vidareført kartlegginga av særleg verdifulle og sårbare område på Spitsbergenbanken. Om lag 3600 km2 er djupnekartlagt. Sjå dei første terrengmodellane frå området.

Det er Fugro Germany Marine som, etter ein anbodskonkurranse, fekk i oppdrag å djupnekartlegge for Mareano-programmet. Deira fartøy Fugro Discovery starta arbeidet i dei nordlegaste områda 11. juli (TF01n; sjå kartillustrasjon).

Covid-19 gjorde at arbeidet starta seinare enn planlagt. Derfor vedtok Fugro Germany Marine å tilby eit fartøy til som kunne sjømåle samtidig. Dette blei godkjent av Mareanos programgruppe, og den 11. august var også fartøyet Fugro Meridian på plass på Spitsbergenbanken for å djupnekartlegge.

Terrengmodell av havbotn på Spitsbergenbanken.
HAVBOTN: Terrengmodell av havbotn på Spitsbergenbanken (ref. kartillustrasjon: Tr_NS05_NS06). Oppløysinga er éin meters grid (1 meter mellom djupnepunkta). Spitsbergenbanken er eit grunt havområde med djup frå 30 til 500 meter under havflata. Dette gjer djupnekartlegginga relativt kostbar per km2. Terrengmodell: Kartverket/Mareano
Terrengmodell av sanddyner på havbotn på Spitsbergenbanken.
SANDDYNER: Sanddyner på 40 meters djup på Spitsbergenbanken, forma av botnstraumar (TF_NS05; ref. kartillustrasjon). Oppløysinga er éin meters grid (1 meter mellom djupnepunkta). Terrengmodell: Kartverket/Mareano
Terrengmodell av sanddyner på botn av Spitsbergenbanken.
SANDDYNER: Sanddyner på 40 meters djup på Spitsbergenbanken, forma av botnstraumar (TF_NS05; ref. kartillustrasjon). Oppløysinga er éin meters grid (1 meter mellom djupnepunkta). Terrengmodell: Kartverket/Mareano

Vêr og vind

Djupnekartlegging er alltid avhengig av vêret. I år har det vore brukbart målevær på Spitsbergenbanken, og framgangen har vore god. Fugro Discovery avslutta sitt tokt 29. september, medan Fugro Meridian djupnekartla litt ekstra til slutten av oktober.

Kartlagde område

Kontrakten med Fugro Germany Marine var på 2699,2 km2 pluss eit ekstra måleområde på 290 km2 som Fugro Meridian kartla i oktober.

I tillegg til Fugro Germany Marine har Forsvarets forskningsinstitutts (FFI) fartøy H.U. Sverdrup II djupnekartlagt 654 km2 for Mareano på Spitsbergenbanken i oktober og november (TF02; sjå kartillustrasjon).

Særleg verdifulle område

Sjømålingsområda i år ble valt for å vidareføre arbeidet med å kartlegge særleg verdifulle og sårbare område ved polar tidvassfront rundt Spitsbergenbanken. Rundt Spitsbergenbanken er det tre frontar med ulikt opphav og ulik struktur som påverkar biologisk produksjon og aktivitet i områda. Spesielt tidvassfronten gjer området til ein «hotspot» for biologisk produksjon. Det er høy primærproduksjon om våren og eit viktig beiteområde for sjøfugl og fisk (Faglig forum for norske havområder, 2019).

Mareano skal følge opp djupnekartlegginga med geologisk, biologisk og kjemisk kartlegging i dei same områda på Spitsbergenbanken i 2021, i tillegg til biologi-, geologi og kjemi-tokt på Garsholbanken på midt-norsk sokkel.

Ein måke kjem flygande rett i mot, havet i horisonten. Foto.
BEITEOMRÅDE: Spitsbergenbanken er eit viktig beiteområde for fugl og fisk, og det krinsa mykje fuglar rundt fartøya. Foto: Fugro Germany Marine
Solnedgang på Spitsbergenbanken sett frå om bord eit fartøy. Foto.
FLATT HAV: Vêrforholda på Spitsbergenbanken har i år vore gode for djupnekartlegging. Til dømes gjev store bølgjer dårlege djupnedata m.a. fordi det dannast luftbobler under fartøyet som forstyrrar ekkoloddmålingane. Foto: Fugro Germany Marine
Mannskap om bord på Fugro Discovery står i messa om bord. Foto.
FUGRO DISCOVERY: Mannskapet om bord på Fugro Discovery. Grunna Covid-19 blei toktet avgrensa til minst mulig skifte av mannskap. Foto: Fugro Germany Marine

Sjå og last ned data

Alle dataa som er samla inn vil bli tilgjengelig for alle via dybdedata.no etter kvart som dei blir godkjent. Nokre data frå årets tokt er allereie publisert. På dybdedata.no finnast både innsynsløysing og funksjon for å laste ned terrengmodellar. På dybdedata.no er det 50 meter, 25 meter og 5 meter oppløysing som er tilgjengeleg, og 5 meter er berre tilgjengeleg for dei områda der grunnlagsdataa har så høg oppløysing. Høgaste oppløysing på data i frå Spitsbergenbanken i Barentshavet varierer frå 1 meter til 2 meter, avhengig av djup. Ved behov for detaljerte djupnedata så kan sjodata@kartverket.no kontaktast.

Kartillustrasjon som visar kva område som har vore djupnekartlagt på Spitsbergenbanken.
KART: Djupnekartlegginga på Spitsbergenbanken vil gje oss verdifull informasjon om havbotn. Fugro Germany Marine fekk tildelt sjømålingsoppdraget som hadde planlagt oppstart i juni 2020. Som følgje av Covid-19 starta ikkje kartlegginga før i juli. Kart: Mareano/Kartverket

Kontakt

Bilde av Hanne Hodnesdal

Hanne Hodnesdal

Kartverket
Dybdekartlegging, med i utøvende gruppe
51 85 88 23 / 473 17 222
Bilde av Sissel Kanstad

Sissel Kanstad

Kartverket
Kommunikasjonsrådigver
51 85 88 28 / 995 13 848