Gå til hovedinnhold
my_title

Fann ukjende grotter på djupt vatn

Gigantiske undersjøiske skred er årsak til ei rekkje merkelege grotter i havbotnen utanfor Troms og Vesterålen. På over to kilometers djup har det vore lekkasjar frå sedimenta under havbotnen – og kanskje lekk det enno.


Grotter på 2200 meter djup i skredmassar på havbotnen utanfor Vesterålen. Avstanden mellom dei raude laserprikkane er 10 cm.
 
Vatn eller gass, eller kanskje begge deler, har strømma gjennom grotteliknande tunellar og ut på havbotnen.

Nøkken sin heimstad?

- Då vi først fann desse spektakulære strukturane lurte vi mykje på kva dei kunne representere. Enkelte foreslo at dette måtte være heimstaden til Nøkken sjølv…, fortel forskar Reidulv Bøe ved Noregs geologiske undersøking (NGU).
 
Han peiker på at det er viktig å skaffa seg solid kunnskap om havbotnen:
 
- Gass kan sjølvsagt representera ressursar, men det kan også innebere risiko fordi lommar av gass i havbotnen kan gjera botntilhøva ustabile. Gasslekkasjar frå havbotnen kan også fortelje mykje om dei geologiske forholda djupare nede, og dette er viktig informasjon for blant anna forvalting og oljeindustri, seier Bøe.
 
Arbeidet er ein del av det omfattande kartleggingsprogrammet som skal leggje grunnen for myndigheitene sin framtidige forvaltingsplan for hav- og kystområda utanfor Lofoten og Vesterålen.

Sparsamt med liv

Det er videoinspeksjon av skredavsetningar, på havdjup ned til rundt 2200 meter på den nedre delen av kontinentalskråninga utanfor Troms og Vesterålen, som har avdekka dei mange grottene.
 
- Livsmiljøet på djup større enn 2000 meter i Arktis er nemlig ganske ugjestmildt. Det er ikkje mange arter som trives så djupt når det nærmar seg kuldegrader i vatnet. Vi har likevel registrert særskilde bakteriemattar og karbonatskorper på havbotnen i nærheita av grottene. Slike bakteriar er det interessant å undersøkje nærare. Bakteriane har kanskje eigenskapar som kan nyttas i til dømes medisinsk forsking, seier Reidulv Bøe.
 
Bakteriemattene og karbonatskorpene vitnar om lekkasjar frå undergrunnen, enten frå sedimenta eller frå grunne undersjøiske reservoar med væske og gass, til dømes metan.

Skred i millionar av år

Store områder på kontinentalskråninga utanfor Lofoten-Vesterålen-Troms er påverka av skred. Skredaktiviteten har gått føre seg i mange millionar år, heilt sidan tertiærtida og fram til dei siste istidene råka landet.
 
I løpet av dei siste 2,5 millionar år har det vore fleire titals istider i Noreg. Under istidene frakter isbrear sediment ut mot sokkelkanten. Sedimenta blir liggande ustabilt, noko som fører til at det med ujamne mellomrom, gjerne mellom kvar istid, går skred som frakter sedimenta ned kontinentalskråninga og ut i djupbassenget i Norskehavet.
 
- På kontinentalskåninga finn vi svære skredgroper, medan enkeltblokker i skredmassane ute på djupt vatn er opp til to kilometer lange, ein kilometer breie og 100 meter høge fortel Reidulv Bøe.

Danna av væskestraum

Dei største grottene i skredavsetningane har ein diameter i opninga på opp til éin meter, og ein tilsynelatande indre diameter på 10-20 centimeter. Danninga av grottene har hatt nær samanheng med skredaktiviteten. Skredmassane, som har lagt seg på havbotnen, har pressa ut vatn frå dei finkorna sedimenta under skredmassane. Det er også mogeleg at skredet har ført til utblåsing frå grunne gasslommer under havbotnen, syner den nye forskinga.
 
- Så har væske eller gass, som har strømma opp gjennom skredmassane, danna sjølve grottene. Alderen på det siste store skredet på havbotnen er ukjent, men kan være hundre til to hundre tusen år, seier Bøe.
 
Forskarane har også avdekka såkalla skorsteinstunellar, sementert fast i 15 centimeters høgde både på skredblokkane og på sjølve havbotnen.

Aktive geologiske prosessar

- Mønsteret av aktive og inaktive grotter og tunellar, bakteriematter og karbonatskorper gjer at vi trur utstrømming av væske og gass har gått føre seg i fleire periodar, og heilt opp til vår tid, meiner Reidulv Bøe.
 
Lekkasjar frå havbotnen er godt kjend i mange geologiske samanhenger. Kartlegging av slike lekkasjar er viktig for å sjå kva for geologiske prosessar som er aktive i undergrunnen.
 
Dei nye funna er no publisert i det vitskaplege tidsskriftet ”Marine and Petroleum Geology”. Reidulv Bøe er forfattar av artikkelen samen med Lene Buhl-Mortensen frå Havforskingsinstituttet, og NGU-kollegane Valérie K. Bellec, Leif Rise, Shyam Chand og Terje Thorsnes.
 
Data er samla inn og handsama i regi av MAREANO-programmet.
 

3D-figur av kontinentalskråninga og kontinentalsokkelen utanfor Troms-Vesterålen, sett inn mot land frå nordvest mot søraust. R488 og R489 viser videostasjonane på 2000-2200 m djup der grottene, bakteriemattene og karbonatskorpene vart funne. Klikk på kartet for stor versjon.

Kontaktpersoner

Geologi
Terje Thorsnes
73 90 42 75
908 61 113

Kommunikasjonsrådgiver
Beate Hoddevik Sunnset
55 23 85 16
908 21 630