Utsikt mot dekket på FF Kronprins Haakon etter ei snørik natt.
Foto: Camille Saint-André / Havforskningsinstituttet
Utsikt mot dekket på FF Kronprins Haakon etter ei snørik natt.
Foto: Camille Saint-André / HavforskningsinstituttetPublisert: 06.05.2026
Nord for polarsirkelen, er det ikkje uvanleg med snø om våren. Men det er eit uvanleg syn for gjestene våre frå Sør-Europa, som vart begeistra av snødekket. Dei tok bilete og kasta snøballar.
Sjølv om arbeidet ikkje stoppar opp, er det ein unik mogelegheit for oss som er frå Portugal til å sjå snøfnugga falle medan ein skyl og sorterer prøver som er samla frå djupet. «Oss» er i denne samanhengen Marlene Pinheiro og Inês Albuquerque, og saman med toktleiar Riley Meyer er vi medlemmar av TwinDEEPS, eit EU-prosjekt som tek sikte på å auke forsking- og innovasjonskapasiteten til CCIIMAR (Interdisciplinary Centre of Marine and Environmental Research, Universitetet i Porto) og Portugal i djuphavsforsking.
Havforskingsinstituttet er ein av partnerinstitusjonane i TwinDEEPS. Dermed blei det mogeleg for oss å få vår første tokterfaring noko sinne.
Vi har allereie har lært mykje om djuphavet og korleis vitskapelege tokt i djuphavet føregår, sjølv om toktet ikkje ein gong er halvvegs.
Vi har mellom anna fått deltatt i direkteannotering av videoar av djuphavsartar og -habitat, og vi har bearbeida prøver som vert samla inn av ROV Ægir6000 (NORMAR) i løpet av fleirfaldige dykk til mellom 1000 og 3000 meter djupne.
I tillegg har vi hatt sjansen til å sjå nærare på faunaen vi har teke prøver av gjennom ei lupe.
Vi vart også med geologane for å utforska kva dei studerer, og bidrog til å bearbeide prøvene ein kjerneprøvetakar samla på ein av dei fulle stasjonane. Det har vore ei utruleg oppleving – full av læring, hardt arbeid, samhald og no: snø!