Gå til hovedinnhold
Ein stor bergknaus stikk fram, under den kan ein sandbunn skimtast. På knausen er det ein krabbe, og fleire kvite og gule

Slik kan ein svampskog sjå ut. Her veks det mellom anna Phakellia-svamper. Filma på 260 meters djup i kystbelte Skagerrak.

Foto: Mareano / Havforskningsinstituttet

Nordsjøen og Skagerrak: Sårbare naturtypar på kvar tredje stasjon

Samstundes er det tydelege spor frå menneske i dei same områda.

Gjennom Mareano har forskarar kartlagt utvalde delar av havbotnen i Skagerrak, inkludert Ytre Oslofjord, og delar av Nordsjøen. No er dei første biologi-resultata klare.

Forskarane har dokumentert heile 12 ulike botndyrsamfunn i desse områda til no, men peikar også på at det kan vere fleire naturtypar og dyresamfunn i områda som ikkje er kartlagt.

https://www.hi.no/hi/nettrapporter/rapport-fra-havforskningen-2026-16
Korallen på biletet vert ofte omtala som dødmannshånd. På latin heiter den Alcyonium digitatum, noko som gjer at slike tette bestandar vert kalla for Alcyonium-hage.
Foto: Mareano / Havforskingsinstituttet

Har registrert 427 ulike artar

– I løpet av sju forskingstokt i perioden 2022-2025 har vi undersøkt 552 videostasjonar på mellom 40 og 700 meters djupne, fortel Pål Buhl-Mortensen som er prosjektleiar for Mareano ved HI.

Undervegs på tokt vert dei første analysane av materialet gjort, og det er desse som dannar grunnlaget for rapporten (https://www.hi.no/hi/nettrapporter/rapport-fra-havforskningen-2026-16).

– Vi har tidlegare sett at resultata frå dei første analysane i stor grad stemmer med dei endelege. Derfor har vi valt å gå ut med desse foreløpige resultata sjølv om dei på sikt vil bli oppdaterte; nye analysar vil gje fleire detaljar, men kjem mest truleg ikkje til å endre det store biletet av kva som er observert, seier Buhl-Mortensen.

No er resultata frå dei første analysane, feltobservasjonane, klare.

Totalt registrerte forskarane 472 ulike artar i materialet undervegs i toktet – akkurat dette talet kan endre seg etter kvart som nye analysar blir ferdige.

– Ut frå kartlegginga ser vi at det største artsmangfaldet er mellom 100 og 250 meters djup. Dette er eit generelt mønster som vi ser i heile Mareano-området, seier han.

Trålspor og avfall

Når havbotnen blir kartlagt gjennom Mareano, skjer det mellom anna med hjelp av høgoppløyseleg video. Då får forskarane sjansen til å få eit godt overblikk over kva dyr som lever på botnen, men dei ser også om det ligg søppel på botnen eller om den har spor etter tråling.

Noko som ser ut som ein plastsekk ligg delvis nedgravd i havbotnen.
Plastsøppel filma på 620 meters djup i Norskerenna i Skagerrak.
Foto: Mareano / Havforskingsinstituttet

– I området Skagerrak, som også dekker Ytre Oslofjord, og Norskerenna, har vi dokumentert  både ein del avfall og trålspor, seier Buhl-Mortensen.

Forskarane registrerte også mekaniske skadar på koloniar av habitatdannande artar, spesielt blei det observert mange brotne sjøfjør. Trålspor ble hyppigast observert i Norskerenna og i Ytre Oslofjord.

– I nokre område registrerte vi skadde sjøfjør nær trålspor, det kan indikere fysisk påverknad på sårbare habitat.

Havbotn med sand. Sanden er flytta på og ser nesten ut som eit pløysespor på ein åker.
På 245 meters djup i kystbelte Skagerrak dukka det opp eit trålspor.
Foto: Mareano / Havforskingsinstituttet

Ulik botn gir ulike dyresamfunn

For at eit område skal bli omtala som ein biotop, må det ha karakteristiske artskombinasjonar.

– Eksempel på slike biotopar er sjøfjørsamfunn og svampsamfunn.

Kor mange artar ein biotop består av, varierer.

– Dei mest artsrike biotopane, eller samfunna, finn vi i kystnære og mellomdjupe område der botnen består av ei blanding av grus, stein og sand.

Når ein kjem nedover i djupet i Skagerrak eller i Norskerenna i Nordsjøen, endrar botnen seg.

– Her ser vi slamrike sediment og samfunn av sjøfjør som trivs på nettopp slik botn.

Forskjellen mellom biotopar karakterisert av sårbare artar og sårbare habitat, er at sårbare habitat er definert ut ifrå tettleiken av sårbare indikatorartar, til dømes ulike svampar og sjøfjør. I ein sjøfjørbiotop kan tettleiken av sjøfjørartar vere ganske lav, sjølv om dei framstår som karakteristiske.

Kvar tredje stasjon har sårbare habitat

– Vi registrerte sårbare habitat på omtrent 30 prosent av stasjonane, fortel Buhl-Mortensen.

Mange av desse habitata består av sjøfjørsamfunn som var dominert av artane Funiculina quadrangularis og Kophobelemnon stelliferum. Dei trivst spesielt godt i djupe områder i Skagerrak og Norskerenna.

Små 'piperensere' med litt lange 'armer' stikker opp fra sandbunn.
Sjøfjærsamfunn, med arten Hanefot (Kophobelemnon stelliferum) på 450 m dyp i Skagerrak.
Foto: Mareano / Havforskingsinstituttet

Forskarane har også dokumentert mange sårbare habitat med ulike artar av svamp.

– Svampsamfunn omfattar både svampskog på hardbotn og svampspikelbotn i meir slamrike miljø. Desse blei mellom anna registrert i området som blir kalla Kystbelte Utsira.

Også andre sårbare habitat blei dokumentert, men desse var mindre utbredt i områda som blei kartlagde.

– Vi har observert både blautbotnkorallskog som består av korallen Isidella lofotensis, samfunn dominert av begerkorallen (Flabellum macandrewi) og bankar av o-skjell (Modiolus modiolus).

Små busk-lignende vekster bokser opp fra havbunnen.
Bambuskorallskog er ein type blautbotnkorallskog med arten Isidella lofotensis. Disse er filmet på 276 meters djup i kystbelte Jæren, utanfor Flekkefjord.​
Foto: Mareano / Havforskingsinstituttet

Viktig kunnskapsgrunnlag

Resultata frå Mareano utgjer eit viktig kunnskapsgrunnlag for styresmaktene når dei skal vurdere bruk av ulike havområde som er kartlagt gjennom prosjektet.

– Kunnskapen frå Mareano blir mellom anna brukt til marin arealforvalting, til dømes i samband med utbygging av havvind og bevaring av sårbare marine økosystem, seier Buhl-Mortensen.

Han understrekar at resultata i denne rapporten er foreløpige, og at grundigare analysar av materialet etter kvart vil gje eit meir presist bilete av artsmangfald og botndyrsamfunn i dette området.

Referanse

Pål Buhl-Mortensen, Kjell Bakkeplass, Genoveva Gonzalez-Mirelis, Hilde Elise Heldal, Rebecca Ross og Kyrre Heldal Kartveit. Kartlegging av biotoper og sårbare habitater i Nordsjøen og Skagerrak — Foreløpige resultater fra syv tokt i Mareano. Rapport fra havforskningen 2026-16.

Kontakt

Bilde av Pål Buhl-Mortensen

Pål Buhl-Mortensen

Havforskningsinstituttet
Biologisk kartlegging, leder utøvende gruppe
Biolog
974 64 151