Gå til hovedinnhold
Terrengmodell som viser sanddyner på havbotn på Spitsbergenbanken.

SANDDYNER: Sanddyner på 40 meters dyp på Spitsbergenbanken, formetav sterke bunnstrømmer. Oppløsningen er én meters grid (1 meter mellom dybdepunkt). Terrengmodell: Kartverket/Mareano

Foto: Kartverket/Mareano

Mareanos årsrapport for 2020

Årsrapporten gir ei oversikt over gjennomført kartlegging, resultat og leveranser frå Mareano-programmet i 2020.

Mareano blei oppretta i 2005 og er eit nasjonalt, tverrfagleg program for kartlegging av den norske havbotnen. Programmet kartlegg blant anna djupne, terreng, botnforhald, biologisk mangfald, naturtypar og forureining, og leverar oppdatert kunnskap til forvaltning, næringsliv, forskarar og publikum.

Til og med 2020 er det totalt djupnemålt ca. 287 660 km2, i tillegg er det brukt djupnedata frå andre aktørar. Djupnemålingane dannar basis for planlegging og kartlegging av geologisk, biologisk og kjemisk miljøtilstand på sjøbotnen, og totalt 229 613 km2 sjøbotn er kartlagt i felt mht. geologi, biologi og kjemi. Dei høgoppløyselege djupnekarta er også eit viktig datagrunnlag for å modellere utbredelse av naturtypar og biotopar, samt identifisere sannsynlege førekomstar av korallrev (korallrev-liknande formasjonar på botnen).

Innsamling i 2020:

Kartlegging av djupne/batymetri: 

  • Spitsbergenbanken i Barentshavet: 3708 km2
  • SUM djupnemålingar 3708 km2

Geologisk, biologisk og kjemisk prøvetaking:

  • Frøyabanken (1536 km2)
  • Sula trekant (218 km2)
  • Sula-Halten (353 km2)
  • Haltenbanken (2680 km2)
  • Halten-Iverryggen (125 km2)
  • Sklinnabanken (635 km2)
  • Sklinnadjupet (900 km2)
  • Sklinna vest (1312 km2)
  • Transekt NS-E-W, deler a-e (1818 km2)
  • Trænadjupet (595 km2)
  • Trænabanken (1161 km2)
  • SUM geo-bio-kjemi-kartlegging Norskehavet 11 333 km2

Ny metodikk i 2020

Mikroplast: På basis av resultata frå kontamineringsstudien rapportert i 2019 blei dei tradisjonelle prøvetakingsrøra erstatta av stålrør laga for mikroplastprøvetaking.

Sannsynlege forekomster av korallrev: Metoden blei vidareutvikla i 2020 og inkluderar no ein semi-automatisk metode for å snevre inn analyseområda som gjer kartlegginga meir effektiv.

Formidling av resultat 2020

  • Tre vitenskapelige artikler
  • 20 foredrag, postere på møter og konferanser 
  • 177 mediaoppslag
  • mareano.no
  • geonorge.no
  • EMODnet (batymetri, geologi, biologi, biotoper/naturtyper)
  • vannmiljo.miljodirektoratet.no
  • Faglig forum og Overvåkningsgruppen
  • Olex og Sailorsmate (kartplottarar på båtar)

Årsrapport 2020

Les Mareano årsrapport 2020

Kontakt

Bilde av Maud Lauvstad Hansen

Maud Lauvstad Hansen

Miljødirektoratet
Programkoordinator
905 28 126
Bilde av Frithjof Moy

Frithjof Moy

Havforskningsinstituttet
Biologisk kartlegging, leder utøvende gruppe
Forsker
478 00 024