Nordaustlandet – Skoddefulle kystar & lystige toktdeltakarar

Toktdagbok: Vårt første møte med Nordaustlandet søndag 26. august 2018 var kanskje litt mindre spektakulært enn vi hadde håpa. Skyene hang nesten heile vegen ned til fjæresteinane og einast ei lita stripe av dei yste øyer og holmar var synlege, sjølv om vi gjekk ganske nært land.

Vergudane sende oss eit varsel om kven som er sjefane her oppe i ”Det høge nord”, i form av kalde vindgufs, regn og snø som piska i fjeset! Det var likevel litt godt og vi var nok ganske fornøgde lell med det meste der og da.


Skoddefulle kystar (Foto: Lilja R. Bjarnadóttir, NGU)

Sjølv med den avgrensa sikta bidrog både geologar og biologar ivrig til i-land-speiding i håp om å få eit glimt av den kvite bjørnen, hvis rike vi nettopp hadde entra.


Den kvite bjørnen sitt rike: Kvite fjell og gråe sletter. (Foto: Lilja R. Bjarnadóttir, NGU)


Frank og Frida på brua – med kikkertar! (Foto: Lilja R. Bjarnadóttir, NGU)

På kvelden var vi kome heilt inn i botn av fjorden der det var mykje kortare veg inn til land enn elles på vår planlagde rute. Det gjekk ikkje lang tid før vi fekk auge på dei første pattedyra. Ein flokk med 14 svalbardrein kosa seg på ei slags slette som såg relativt frodig ut, sett med våre nyleg erverva nordaustlandsauge (men som nok ville bli sett på som karrig dei fleste andre stader).

Det var godt å sjå at det var liv på land og vi speida ivrig vidare.


Reinsflokk på land – kan de sjå dei? (Foto: Lilja R. Bjarnadóttir, NGU)

Sjølv om det sitra i kroppen ved tanken på å skue ein isbjørn på håra blei vi etter kvart leie (og slitne i augene) av å sitte på vakt med kikkertane. Kveld var det òg blitt! Trøyttheita blei sterkare enn iveren, og til slutt tok søvnen oss, det vil seie dei av oss som ikkje hadde nattevakt.

Vi var nok fleire som drøymde om isbjørn den natta…


Vakre landskap. Skal tru kva som står skrive i skyene her…? (Foto: Lilja R. Bjarnadóttir, NGU)

For dei som var på vakt var det nå på tide å starte kartlegginga. Dei fekk æra av å gjennomføre dei første MAREANO-videotransekta i Rijpfjorden, det vil seie å filme dyra på havbotnen på utvalde strekningar her i denne arktiske fjorden.

Dei blei ikkje skuffa! Botnen av Rijpfjorden viste seg å gøyme eit skattkammer av fotogene dyr; slangestjerner, sjøanemoner, reker og havedderkoppar som dukka opp på storskjermen og hausta både ”ojojoj” og ”wow” før natta var omme.


I Rijpfjorden kryr det av slangestjerna Ophiocten cericeum. (Bilde: MAREANO/HI)


Ein aldri så kul blekksprut kjekkar seg blant slangestjernene. (Bilde: MAREANO/HI)

Neste morgon var det lett å stå opp (litt for lett kanskje?). Nå skulle vi kartlegge i eit område med fleire store øyar og den gjengse oppfatning var at sjansen for å sjå isbjørn ville vere større her enn elles. Frank sto alt oppe på brua og speida før frukost, men utan hell. Når toktgjengen hadde fylt fata sine med pytt-i-panne, brødskiver, havregraut og ”you name it”, kom Frank springande og ropte at nå var det ein isbjørn som rusla bortover stranda på naboøya. Gjett om frukostetarane fekk det travelt! I samla tropp småsprang geologar, biologar, ingeniørar og resten av mannskapet opp på brua og spurta den siste biten for å nappe til seg ein av dei fire kikkertane som låg rundt om kring ved vindauga.

”Kor er han, kor er han?” let det frå alle kantar og minna litt om lydane i eit fuglefjell tidleg på sommaren. ”Der!” peikte Frank. ”Eg ser han, eg ser han!” gjentok koret. Dei første såg han kanskje frå sida, andre såg berre rumpa, og den tredje og fjerde på sin kikkert såg ingenting og blei naturleg nok ganske skuffa. I all ståheien verka det som om ingen klarte å ta bilde av isbjørnen – han var riktig nok ganske langt unna, men dei av oss som fekk sett han – uansett om det var frampart eller bakpart – var nå likevel godt fornøgde med det heile!

Ei sa at det no kjendest det verkeleg at ho var på Nordaustlandet. Før det kunne ho liksom ha vore mange andre stader – landskapet kan nokre stader minne om skjærgarden på Sørlandet (ja, viss du ser bort frå isbreane da!). Nei… vi var kanskje litt tullete i augneblinken alle saman, men så var det ei stor oppleving for mange der og da!


Alle kikkertar tatt i bruk i felles speidingsdugnad, der til og med kokken stilte opp! Men kor blei det nå av denne isbjørnen?!? Til tross for at fleire bekrefta observasjonar blei gjort, lykkast det ingen å ta eit bilde av ham. (Foto: Børge Holte, HI)


Holmen på høgre sida av bildet minner snøgt om Sørlandet, medan dei snødekte fjella til venstre i bildet tenner ikkje akkurat ein lengsel om å slå seg ned med kvitvin og reker – ”eller hur”? (Foto: Lilja R. Bjarnadóttir, NGU)

Etter dette aldri så vesle morgonspetakkelet gjekk ferda vidare til nye videostasjonar. Rijpfjorden har mykje å by på ein slik vakker morgon. Medan G.O. Sars glei vidare i blikkstille vatn, lot vi augene vandre over landskapet.

Fjella er ikkje så dramatiske her som dei vi såg i Kongsfjorden, ikkje like spisse og taggete. Dei er meir avrunda, meir som store åsar, men av og til med ei bratt side. Mellom fjella er det dalar og sletter og alt saman er måla i ein fargepalett av grått, brunt, svart og ein liten skvett raudt. Det er svært lite grønt å spore rundt her. Nokre stader er fjella krona med isbrear medan andre stader har eit tynt slør av nysnø lagt seg, som ei påminning om at "winter is coming". Ja, dette er sanneleg Nordaustlandet tenkjer vi igjen og ser ut på fjorden der isfjella seglar forbi utan å ense oss.

På havbotnen ser vi og sletter. Store muddersletter fulle av slam fra breane. På toppen av sedimenta kryr det med millionvis av slangestjerner og ein del sjøanemoner. Sylindersjøroser trekkjer seg raskt ned i sedimenta i det kameraet vårt "flyg" forbi. Slammet inneheld også ein god del stein som har dotte ut av isfjell som breane har kalva i fjorden. Store steinar som stikk opp av mudderet verkar som "vannhull" for dei dyra som likar å leve meir utsett.


Stor stein med dyr som har hamna "på skråplanet". Her ser vi gamle kjenningar som sjøanemona Hormathia nodosa (litt tilbaketrekt for augeblikket) og medusahovud med sine krølla lange armar. (Bilde: MAREANO/HI)


Her rek det også rundt fleire, vi ser både Spirontocaris (reka) og eit kamuflert haneskjell. (Bilde: MAREANO/HI)

På ein blottlagt bergknaus har kalkalgar farga havbotnen lilla, til toktdeltakarane si store entusiasme. Kameraet går sakte oppover langs den bratte knausen som byr på overrasking etter overrasking. Slike knausar dannar fleire grunne område i fjorden der det finst artsrike oaser med sjøliljer, sjøanemonar, medusahovud, sjøstjerner og svampar. Dyr som vil litt opp frå muddersletta der straumen av matpartiklar i vatnet dreg fortare forbi, og kan filtrerast ut og etast.

Sjøliljene kan symje ved å bruke armane, som liknar greinene til ei palme. Det er då ein minnest på at det som ser ut som ei plante eigentleg er eit dyr.


Sjølilja Heliometra glacialis over lilla vorteruggel. (Bilde: MAREANO/HI)


Raudalgen Lithothamnion fargar steinar og berggrunn lilla. (Bilde: MAREANO/HI)

Ja folkens, da var det slutt for denne gong. Takk for no Nordaustlandet. Vi sjåast seinare!